Hopp til innhold

To drepne i skyting i Texas

To personar er døde etter skyteepisoden i byen Round Rock i Texas i USA, ifølge byens politisjef Allen Banks. Det melder ABC News.

Seks personar er sendt til sjukehus med potensielt alvorlege skadar, skriv lokalt politi på X.

Politisjefen seier at nokon byrja å skyta då det oppstod eit slagsmål mellom to grupper i Old Settlers Park.

To personar døydde på staden, men ifølge politiet deltok desse truleg ikkje i slagsmålet. Politiet veit ikkje kor mange personar det var som fyrte av skot.

Denne helga har Juneteenth, markeringa av opphevinga av slaveriet i USA, gått føre seg i Settlers Park i byen Rock Round.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no