Hopp til innhold

To år sidan nedstenginga av Wuhan

Det er to år sidan den kinesiske byen Wuhan, der koronaviruset først blei oppdaga, stengde ned, melder nyheitsbyrået AP.

23. januar 2020 annonserte kinesiske myndigheiter at byen ville stenge utgåande fly og tog, i eit forsøk på å stoppa spreiinga av det nye viruset.

På dette tidspunktet hadde ikkje Verdens Helseorganisasjon (WHO) erklært virussjukdommen som ein global helsekrise, men at det kunne bli ein.

For tida er tre kinesiske byar under nedstenging: Xi'an, Anyang og Tianjin.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no