Tillerson vil snakke med N-Korea
USAs utanriksminister Rex Tillerson, som den siste tida har vore på offisielt besøk til fleire land i Asia, seier at han vil prøve å få til forhandlingar med Nord-Korea. Dette for å prøve å løyse striden om det nordkoreanske atomprogrammet.