Hopp til innhold

Tigray: Ti drepne i luftangrep

Ti personar, deriblant born, skal vera drepne i eit luftangrep frå etiopiske styrkar i Mekele i Tigray-regionen.

Angrepet er bekrefta av etiopiske kjelder, melder NTB. Det er det mest dødelege luftangrepet så langt etter at ei opptrapping av konflikten byrja i førre veke.

Talsperson for dei etiopiske myndigheitene, Legesse Tulu, hevdar at angrepet var retta mot eit bygg i regionshovudstaden Mekele som blei brukt til våpenproduksjon av Tigrayfolkets frigjeringshær (TPLF).

Talspersonen for opprørsstyrkane, Nahusenay Belay, seier på si side at angrepet i staden for ramma ein sivil bustad.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no