Tidlegare kartell-boss dømd
Ein domstol i Mexico har dømd Vicente Carrillo Fuentes til 28 år i fengsel, opplyser kontoret til riksadvokaten til AFP.
Fuentes var kjent under kallenamnet «El Viceroy», og var tidlegare øvste sjef i det mektige meksikanske Juarez-narkotikakartellet.