Ti dagar på å redde jula

Dersom Storbritannia ikkje finn fleire lastebilsjåførar dei neste ti dagane, står jula i fare, ifølge den britiske handelsstanden, melder Reuters.

– Vi treng fleire lastebilsjåførar for å møte den akutte varemangelen, seier interesseorganisasjonen som representerer handelsstanden.

Mangel på sjåførar etter brexit gjer at færre varer har blitt levert til Storbritannia. Det er også store utfordringar med å frakte varer innanlands.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no