Hopp til innhold

Ti års fengsel for mor og bestefar etter grove overgrep mot tre barn

Ei mor og ein bestefar er i Frostating lagmanssrett dømde til ti års fengsel etter grove seksuelle overgrep mot tre små barn. Far i huset må sone i ni år.

I fjor haust blei dei dømde til lange fengselstraffer. Alle tre anka. No har lagmannsretten svart med å legge til eitt års fengsel for kvar.

I tillegg må kvar og ein av dei betale 450 000 kroner til kvart av barna.

Familien budde i ei lita bygd i Møre og Romsdal.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no