Thailand lempar på karantenene
Thailand vil kutte i karantenetida for fullvaksinerte turistar frå fjorten til sju dagar i oktober, melder AFP. I tillegg vil det vere krav om negative koronatestar. Landet er midt inne i ei smittebølge, men har planar om å opne turistdestinasjonar stegvis i november og desember. Turisme er ei viktig næring for landet, som hadde nesten 40 millionar besøkande i året før pandemien.