Hopp til innhold

Tett presidentval i Kenya

Foreløpige resultat frå presidentvalet i Kenya viser at det er svært tett mellom dei to største kandidatane, visepresident William Ruto og Raila Odinga, melder Reuters.

Begge har ei oppslutning på rett over 49 prosent kvar. Vinnarkandidaten treng minst 50 prosent av stemmene.

Ifølge den uavhengige valkommisjonen er no over 90 prosent av stemmene talde opp.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no