Hopp til innhold

Tengs-tiltalte får ordet: Eg har aldri drepe nokon

– I denne saka har eg sete 486 dagar i varetekt i ei sak eg er uskuldig i, seier 50-åringen frå Karmøy som er tiltalt for drapet på Birgitte Tengs i 1995.

Tiltalte seier han har blitt sett i bås og blitt mobba. Han seier han har levd aleine, ofte takka vere seg sjølv og ting han har gjort. Men i denne saka seier han at han er uskuldig, og at tida i varetekt har vore vanskeleg. Han kjenner seg forfølgd og rakka ned på.

– Eg skammar meg for det eg har gjort, men eg har aldri drepe nokon, seier han.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no