Tengs-sikta skal i avhøyr tysdag

Mannen som er sikta for drapet på Birgitte Tengs, skal i avhøyr med politiet på tysdag, ifølgje NTB. Politiet vil ikkje seie om mistankegrunnlaget er styrka eller svekka.

Den 50 år gamle mannen vart avhøyrt då han vart pågripen den 1. september og dagen etter, men har ikkje blitt avhøyrt etter at han vart fengsla den 3. september.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no