Hopp til innhold

Tenåringar risikerer dødsdom i Iran

Tre iranske tenåringar er blant dei 15 personane som risikerer å bli dømde til døden for drapet på eit medlem av ein paramilitær tryggingsstyrke.

Mannen blei ifølge påtalemakta drepen i byen Karaj, vest for Teheran, av ei gruppe sørgande som hadde samla seg for å minnast ein avdød demonstrant.

Rettssaka mot dei 15 tiltalte starta onsdag. Dei er tiltalt for såkalla «korrupsjon på jord», som etter den islamske straffelova kan straffast med døden.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no