Hopp til innhold

Telenor må betale gigantbot

Konkurransetilsynet fekk full medhald i at Telenor har misbrukt si dominerande stilling i den norske mobilmarknaden. Gebyret på 788 millionar kroner blir verande uendra.

Lagmannsretten konkluderer at Telenor la hindringar i vegen for utbygginga av eit tredje mobilnett i Noreg, og dermed avgrensa moglegheita for at ein konkurrent kunne etablere seg.

Telenor som dominerande aktør har eit særleg ansvar for å opptre på ein måte som ikkje avgrensar konkurransen, seier konkurransedirektør Lars Søgard.

– Gebyrets størrelse viser at Telenor har ein betydeleg omsetning i marknaden, seier han.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no