Tatt på fersken i båttyveri
Ei dame og ein mann blei tatt på fersken då dei prøvde å stjele ein båt frå Gjerdsvika i Sande kommune laurdag morgon. Politiet rykte ut med politibåt frå Ålesund og patrulje frå Ulstein. Dei som varsla politiet heldt fast dama til politiet kom. Ho blei arrestert på staden, i tillegg i besittelse av narkotika.