Hopp til innhold

Tar koronabøter til retten

To kvinner, som deltok på ein fest i Bergen i november, nektar å godta bøtene på 10.000 kroner og 5000 kroner. Dei blir dermed dei første som prøver ei sak om koronabøter i Hordaland tingrett.

Bergen kommune hadde forbod mot meir enn fem personar samla i private heimar, medan det var totalt 15 på festen.

– Dei er ikkje motstandarar av koronarestriksjonane generelt. Det er fordi dei meiner prosessen var for dårleg dei to første vekene då forbodet gjaldt, seier forsvarar Didrik Beck Rodarte.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no