Hopp til innhold

Talet på innlagte går opp

Denne veka er det fleire innlagte med korona som hovudårsak i norske sjukehus.

– Vi har heile tida peika på at med høge smittetal, så vil vi også få fleire innleggingar, seier Line Vold i FHI til NRK.

Men ho peikar på dei som blir lagt inn med omikron, ligg færre dagar enn dei som blei lagt inn med delta-varianten.

– Den store vinterbølga byrjar no som venta å gje fleire innleggingar, seier overlege i FHI, Preben Aavitsland til VG.

Ifølgje avisa er det så langt registrert 135 nye innleggingar med korona som hovudårsak denne veka. Ein auke fra veke 2 då det same talet var 116.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no