Hopp til innhold

Taliban-topp drepen i eksplosjon i Kabul

Eit av Taliban sine religiøse leiarar, sjeik Rahimullah Haqqani, blei drepen i eit angrep under ein religiøs seremoni i Kabul på torsdag, melder Reuters.

Abdul Rahman, den regionale sjefen for etterretninga i den afghanske hovudstaden, stadfesta dødsfallet.

Fire kjelder frå Taliban fortalde Reuters at ein mann som tidlegare hadde mista det eine beinet sitt detonerte eksplosiv, som han hadde gøymd i fotprotesen.

Ingen har tatt ansvar for likvideringa av Haqqani.

IS sin afghanske fløy har angripe både Taliban og sivile gjentekne gonger sidan vestlege styrker trakk seg ut av Afghanistan for eit år sidan.

Taliban-krigarar hindra journalistar i Kabul frå å koma fram til åstaden, og dei ville ikkje utdjupa kva type bombeangrepet det dreidde seg om, ei heller om andre var blitt drepne eller såra.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no