Hopp til innhold

Taliban innfører barberingsforbod

Taliban har innført eit lokalt forbod mot å barbere skjegget i den sør-afghanske Helmand-provinsen, melder lokale medium.

Avgjerda kjem etter møter mellom det religiøse politiet og lokale frisørar.

Etter at Taliban kasta den internasjonalt godkjende regjeringa i Afghanistan i august, har dei innført ei rekke påbod og forbod.

Taliban styrte Afghanistan også på 1990-talet. Då blei dei kjende for å straffe brotsverk med pisking, bruke steining som avrettingsmetode og amputere armar og bein.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no