Hopp til innhold

Talet på drepne i Kharkiv-angrep har auka til tolv

Det britiske forsvarsdepartementet skriv i dagens oppdatering at tolv menneske blei drepne som følge av angrepet mot Kharkiv natt til onsdag.

Ifølge den regionale guvernøren blei 17 menneske drepne og 42 skadde i to angrep mot byen Kharkiv onsdag og torsdag.

Angrepet starta ein brann i ei bustadsblokk i den nordaustlege delen av byen, som ligg rundt 15 kilometer frå den russiske frontlinja.

Det britiske forsvarsdepartementet skriv at Russland held oppe bombinga av nordaustlege Kharkiv for å holda nede ukrainske styrkar, og hindra dei frå å kunna bli brukt til motangrep i andre regionar.

President Volodymyr Zelenskyj har kalla angrepet eit utspekulert og kynisk angrep på sivile. Russiske myndigheiter har tidlegare nekta for å angripa sivile mål.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no