Talet på døde etter jordskred i India stig framleis
Minst 150 menneske er døde etter jordskreda i Wayanad-distriktet i India tysdag morgon.
Om lag 500 menneske er redda ut av skredområdet. Søket etter fleire sakna held fram.
Dei fleste av ofra er tilsette ved teplantasjar som sov i provisoriske telt då kraftig regn utløyste skredet.
Ifølge det meteorologiske instituttet i India kom det rundt 280 millimeter regn på 24 timar i området. Det er også varsla meir regn dei neste dagane.