Tala på drepne etter angrep i Mogadishu stig
Minst 37 personar er drepne og over 200 skadde i eit bombeangrep på ei strand i den somaliske hovudstaden Mogadishu, ifølge regjeringa i landet, melder NTB.
Terrorgruppa Al-Shabaab har teke på seg ansvaret for angrepet.
Angrepet fredag kveld er det verste i Somalia sidan minst 100 menneske blei drepne og 300 skadde då to bilbomber blei detonert på ein marknad i oktober 2022.