Sverigedemokratane trugar med regjeringskrise
I Sverige trugar regjeringa sitt støtteparti, Sverigedemokratane, med regjeringskrise.
Konflikten handlar om kor mykje biodrivstoff som skal blandast i bensinen og dieselen.
Sverigedemokratane meiner det bør vera 0 prosent biodrivstoff.
– Dersom det ikkje blir ei semje blir det regjeringskrise, seier Oscar Sjöstedt i Sverigedemokratane til TV4.