Hopp til innhold

Sverige held trusselnivået uendra

Tryggingstenesta i Sverige, Säpo, held trusselnivået uendra på nivå fire av fem.

Det opplyste justisminister Gunnar Strömmer på ein pressekonferanse onsdag.

Nivået blei heva i august i fjor på grunn av fleire truslar mot Sverige. I tida etter denne hevinga har det blant anna vore koranbrenningar og ei valdsbølge i Sverige.

Strömmer sa at det ikkje var nye truslar mot Sverige no, men at det internasjonale trusselbildet og utviklinga i Midtausten gjer at dei ikkje ønsker å endre trusselnivået no.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no