Hopp til innhold

Sverige ber om forklaring frå Ungarn

Sveriges statsminister Ulf Kristersson seier han vil be om ei forklaring frå Ungarn på kvifor dei har utsett behandlinga av den svenske Nato-søknaden, når dei måndag skal ratifisere den finske søknaden.

– Eg kjem til å spørje kva som er grunnen til at dei skil mellom Sverige og Finland. Det er signal vi ikkje har fått tidlegare, så det skal eg ta opp med Orban i dag, seier han til Sveriges Radio.

Kristersson skal ha samtalar med Ungarns statsminister Viktor Orban torsdag.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no