Hopp til innhold

Svenske medium: Forsøk på å fryse ut gjengleiar

Grupperingar i det svenske Foxtrot-nettverket skal ha hatt møter for å drøfte korleis dei kan fryse ut gjengleiaren Rawa Majid, også kjent som «Den kurdiske reven», det seier kjelder til Svenska Dagbladet. I møtet skal dei ha blitt samde om ei våpenkvile og strupe Majids tilgang til løpargutar.

Ifølge SVTs kriminalreporter Diamant Salihu synest personar frå ulike gjengar at konflikten har gått for langt når mødrer og utanforståande blir ramma.

– Det er ulike gjengar, som eigentleg har ulike interesser, som har alliert seg for å kjempe mot Rawa Majid i denne konflikten, seier han til SVTs Agenda.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no