Svensk politi har førebels ikkje kontakta norsk politi
Norsk politi har førebels ikkje fått spørsmål om å hjelpe svensk politi med valdsbølga Sverige står overfor no, opplyser beredskapsdirektør Tone Vangen i Politidirektoratet til NRK.
Svensk politi sa fredag at dei vurderer å be nordiske kollegaer om hjelp. Vangen seier at dei vil ta stilling til ein slik førespurnad når han eventuelt kjem.
Og skulle det kome ein førespurnad, så finst det eit planverk mellom politiet i dei nordiske landa som skal sikre at operasjonar blir sett i verk raskt, seier ho.