Sveits forbyr store arrangement
Sveitsiske styresmakter forbyr arrangement med meir enn 1000 personar for å hindre spreiing av koronaviruset. Forbodet varer til 15. mars, og gjeld både offentlege og private arrangement, seier styresmaktene. Til no er 15 personar smitta i Sveits.