Hopp til innhold

Svante Pääbo får Nobelprisen i medisin

Nobelforsamlinga ved Karolinska institutt har i dag bestemt å gje Nobelprisen i fysiologi eller medisin for 2022 til Svante Pääbo, for hans oppdagingar innan menneskeleg evolusjon og genoma til den utdøydde arten homo denisova (Denisovaer) og neandertalere, som begge er utdøydde slektningar av mennesket, skriv Nobelforsamling på sine nettsider.

«Kartlegginga hans av genetisk masse frå utdøydde neandertalarar og denisovanerar har gjeve oss heilt nye føresetnader for det som gjer oss alle til unike menneske», skriv forsamlinga i pressemeldinga.

Oppdagingane hans har skapa eit heilt nytt forskingsfelt, paleogenetikk, som handler om analyser av genetiske prøver frå fossil, subfossil og prehistoriske levningar av organismar.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no