SV åtvarar mot Frp-samarbeid
SV-leiar Audun Lysbakken åtvarar regjeringa mot å søke støtte frå Frp for å få gjennomslag for saker. Senterpartiet utelukkar ikkje eit samarbeid med Frp når regjeringa skal greie ut ulv- og bjørnebestanden. Eit samarbeid med høgresida vil påverke forholdet SV har til regjeringa, seier Lysbakken til NRK.