Hopp til innhold

Sunak beklagar at han forlét D-dagsmarkering tidleg

Rishi Sunak drog tidleg frå D-dagsmarkeringa i Frankrike. Det har han fått mykje kritikk for av britane.

– Etter at det britiske arrangementet i Normandie var over, returnerte eg til Storbritannia. Ved nærare ettertanke, var det feil å ikkje bli i Frankrike lenger – og eg beklagar, skriv statsministeren på X.

Sunak drog tidleg for å spele inn eit intervju til valkampen.

6. juni var det 80 år sidan invasjonen av Normadie, kjent som D-dagen. Det var starten på frigjeringa av Frankrike under andre verdskrig. Presidentar og statsministrar frå store deler av verda var i Normandie for markeringa.

(NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no