Sudan nektar for hungersnaud i Darfur
Regjeringa i Sudan nektar søndag for at det er hungersnaud i Darfur, melder Reuters.
Torsdag kom ein FN-støtta rapport som sa at Zamzam-leiren var ramma av hungersnaud, og at hovudårsaka til dette er konflikten i landet og mangelen på humanitær hjelp.
Sudans statlege kommisjon for humanitær bistand seier forholda i leiren ikkje samsvarar med kriteria for hungersnaud.
Ifølge Leger Uten Grenser er minst 260 menneske drepne i krigen i området der leiren ligg.
Totalt skal fleire tusen menneske vere drepne sidan krigen mellom den paramilitære gruppa RSF og regjeringshæren starta i april i fjor.