Hopp til innhold

Ny studie: Temperaturen på Arktis aukar fire gonger raskare enn resten av planeten

Oppvarminga av Arktis har skjedd nesten fire gonger raskare enn på resten av planeten dei siste 40 åra, ifølge ny forsking som blei publisert torsdag melder AFP.

Tidlegare forsking har vist at Arktis blei varma opp mellom to og tre gonger raskare enn det globale gjennomsnittet.

Studien er publisert i journalen Communications Earth and Environment. Forskarane har brukt temperaturdata frå fleire tiår som grunnlag, som viser at sjølv dei mest presise klimamodellane sannsynlegvis har undervurdert takta på oppvarminga av Arktis.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no