Strengare straff etter anke

Ein mann er dømd til fengsel i fem år og tre månader for å ha forsøkt å drepe sambuaren i Drammen. Straffa er tre månader strengare enn tingrettens dom. Mannen i 30-åra stakk sambuaren med kniv under ein krangel. Forsvararen meinte mannen burde dømmast for grov aktlaus kroppsskade, men Borgarting lagmannsrett var ueinige og dømde han for drapsforsøk.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no