Hopp til innhold

Streik i oljebransjen vil råke fleire felt frå og med 9. juli

Den varsla streiken frå fagforeininga Lederne vil også råke Gullfaks A, Gullfaks C og Sleipner frå og med 9. juli. Det melder Reuters.

Alle desse er plattformer som blir drivne av Equinor.

Det er fagforeininga Lederne som har varsla streik frå og med i natt. Nøkkelpersonell vil bli tekne ut i streik, noko som først var opplyst til å råke plattformene Gudrun, Oserbeg Aust og Sør. Personell på Aasta Hansteen ville også bli tekne ut frå og med natt til onsdag, om ingen løysing er på plass.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no