Solberg ut mot rasisme i politiet
Statsminister Erna Solberg meiner etnisk profilering skjer i Noreg. Ho seier til Dagbladet at det er problematisk når personar som aldri har gjort noko ulovleg, opplever at dei blir trakasserte. Politiet seier dei jobbar med å førebyggje rasisme.