Hopp til innhold

Støttegruppa 25. juni og ukrainske Insight får Kim Frieles minnepris

Regjeringa kunngjorde opprettinga av Kim Frieles minnepris under Oslo pride i fjor, og no er dei første prisvinnarane klare.

Støttegruppa 25. juni får prisen fordi dei har vore ei viktig støtte og tydeleg stemme for dei som vart ramma av terroren i Rosenkrantz’ gate i Oslo 25. juni 2022. Insight får prisen for si sentrale rolle i å fremme rettane til skeive i Ukraina.

– Trass i alle framsteg vi har gjort, står det framleis jobb igjen å gjere. Kim Frieles minnepris er viktig for å synleggjere at kampen for rettane til skeive må halde fram, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Prisen blei delt ut under Oslo Prides femtiårsmarkering i Operaen onsdag.

Kim Frieles minnepris deles ut av kronprins Haakon
Foto: Geir Olsen / NTB

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no