Hopp til innhold

Stortinget har vedtatt jordbruksavtale

Jordbruksavtalen som legg til rette for ein inntektsauke på 85.000 kroner per årsverk blei fredag vedtatt i Stortinget, skriv regjeringa på nettsidene sine.

Regjeringa inngjekk jordbruksavtalen med Norges bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukerlag den 16. mai.

Fredag blei den vedtatt i Stortinget med eit fleirtal beståande av partia Ap, Sp V, MDG, Raudt, KrF og Pasientfokus. Partia H, Frp og SV stemte imot.

Avtalen legg til rette for ein inntektsauke på 85 000 kroner per årsverk. Det betyr at inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper kan tettast med 60 000 kroner.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no