Stortinget går i dialog med Ropstad
I dag blei det kjent at KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad tok aktive grep for å unngå å betale 175.000 kroner i skatt på statsrådsbustaden sin. Til VG seier stortingsdirektør Marianne Andersen at dei vil snakke med Ropstad om saka.
– Vi vil gå i dialog med Ropstad. Spørsmålet om skatteplikt vil vi no sjå på i samarbeid med Ropstad og Skatteetaten.