Hopp til innhold

Stort trykk på Finnes

Sindre Finnes opplever stor pågang med spørsmål etter publiseringa av tidslinja for aksjehandlane. Det skriv Finnes sin advokat, Thomas Skjelbred i Elden advokatfirma, i ei pressemelding torsdag.

– Det er ikkje forsvarleg for Finnes – eller meg – fortløpande å svare ut detaljspørsmål i saka med naudsynt presisjon og etterrettelegheit som samstundes varetar Finnes sin grunnleggande rettstryggleik, skriv Skjelbred.

Advokaten skriv vidare at Finnes ikkje vil stille til intervju, men at han vil bidra til at alle fakta kjem på bordet for dei instansar som måtte undersøke saka.

– Det er framleis, så langt eg kjenner saka og ut frå det som er rapportert i media, ingen indikasjonar på at Finnes sine aksjehandlar er basert på innsideinformasjon eller andre uregelmessige avvik, skriv han.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no