Hopp til innhold

Største auke av koronapasientar sidan 2020

Talet på pasientar med covid på franske sjukehus auka med 888 til 25.775 måndag, melder Reuters.

Ei slik auke på eit døgn har ikkje skjedd sidan starten av november 2020, som var før landet begynte vaksineringskampanjen sin.

Førre gong talet på koronapasientar var over 25.000 var 17. desember 2020.

Data frå det franske helsedepartementet viser at talet på koronapasientar på intensivavdelinga auka med 61 til 3.913 på måndag, etter å ha vore stabil dei siste fire dagane.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no