Hopp til innhold

Støre skal starte å ringe statsrådar

På spørsmål om kommande statsminister Jonas Gahr Støre har starta å ringe aktuelle statsrådar, svarar han:

– Ja, vi er i den etappen no. Når vi drog frå Hurdal i går var vi klare på at Arbeidarpartiet og Senterpartiet kan danne regjering saman. Det står att litt utskriving og kvalitetssikring, og då har vi også snakka denne veka om korleis vi lagar eit godt lag, seier Støre til NRK.

Han seier dette er ein viktig prosess for både begge partia.

– Eg er opptatt av at det laget eg kjem med ser godt ut frå Sps side, og det dei kjem med ser bra ut frå vår side. For vi skal vere eitt lag, og det har vi prata ein god del om. No går vi inn i den fasen der vi skal prøve å lande det på ein god måte.

– Kan du røpe om du har ringt nokon, og om nokon har sagt ja?

– Nei, vi er ikkje der enno. Vi gjer dette på ein riktig måte og tar den tida vi treng til det.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no