Støre skal snakke med Vedum onsdag

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum seier til NRK at han og Ap-leiar Jonas Gahr Støre skal snakka saman i morgon.

Vedum seier dei i starten skal bruke mest tid på å sondere for å avklare ein del spørsmål.

– Dersom ting går som vi ønsker, vil vi gå inn i meir formelle prosessar inn mot neste helg, seier Sp-leiaren til NRK.

Støre ønsker seg ei fleirtalsregjering med Ap, Sp og SV, medan Vedum har sagt at han helst vil ha ei regjering med Ap og Sp.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no