Støre open for habilitetsvurdering

Jonas Gahr Støre opnar for ei ny habilitetsvurdering forholdet sitt til kronprinsparet på grunn av det personlege forholdet til dei, skriv NTB.

Som den nye statsministeren i landet, blir Støre tettare på å avgjere kva slags økonomisk støtte dei kongelege skal få.

Men forholdet han har til kronprinsparet er ikkje eit habilitetsforhold, er Støre si vurdering i dag.

– Eg har ikkje tenkt på det som eit problem, og om det er behov for å vurdere det på nytt, så gjer eg gjerne det. Men det er ikkje eit forhold og ein relasjon som eg set i den kategorien, seier Støre.

Han avviser at det er snakk om eit nært vennskap.

Støre vart kjend med kronprinsparet i 2001 etter fleire private middagar både heime hos Støre og på Slottet. Sidan har dei gjennom åra møttest ein rekkje gonger, både i privat samanheng og i jobbsamanheng.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no