Hopp til innhold

Støre ønskjer tettare band mellom Noreg og Kina

Statsminister Jonas Gahr Støre har skrive eit brev til Kinas nye statsminister Li Qiang, der Støre gratulerer Li med utnemninga, skriv Aftenposten.

I brevet som Aftenposten har publisert skriv Støre at støtte frå Kina er heilt naudsynt for å kunne møte globale utfordringar.

Han legg også til at Noreg og Kina delar interesse på fleire område.

Støre nemner ikkje krigen i Ukraina og at Kina ikkje har ville fordømme Russland. Ifølgje avisa skriv han heller ikkje noko om Kinas masseinternering av uigurar eller andre menneskerettsbrot.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no