Støre om Willoch: – Stor sorg

– Det er med stor sorg vi i dag har fått høyre at Kåre Willoch er død, seier statsminister Jonas Gahr Støre.

Støre seier vidare at Willoch sette sitt preg på det politiske Noreg gjennom fleire tiår, som stortingsrepresentant, statsråd, statsminister og fylkesmann, og i fleire tiår etterpå som aktiv samfunnsdebattant.

Støre skildrar Willoch som ein hardtarbeidande politikar med eit oppriktig engasjement for landet sitt og verda utanfor, med vilje og emne til å engasjere seg i nye saker.

– Eg vil hugse han som ein markant og klok politikar. Mine tankar går i dag til Kåre Willoch sin familie, venner og partifellar i Høgre

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no