Store nettproblem – NRK ramma
Det var i kveld mange som opplevde store nettproblem. Blant andre NRK.no og VG var ramma.
Telia stadfesta til NRK at dei hadde tekniske problem.
– Situasjonen er no at vi opplever at enkelte av våre kundar har problem med mobil- og fastnetter vårt. Så vi jobbar på spreng med feilsøking, og håpar å få løyst saka så snart som mogleg, seier informasjonssjef Ellen C. Scheen, som beklagar hendinga.
Klokka 19.47 informerer Telia at dei tekniske problema er løyst.