Støre møter Lysbakken torsdag

Arbeidarpartiets leiar Jonas Gahr Støre møter SV-leiar Audun Lysbakken torsdag.

Det bekreftar nestleiar i SV, Torgeir Knag Fylkesnes, overfor NRK. Han seier målet er å finne ut om det er mogeleg å danne ei fleirtalsregjering.

– Vårt utgangspunkt er at dersom vi klarer å danne eit fleirtal som kan redusere sosiale forskjellar vesentleg, og få fram eit skikkeleg grønt skifte, vil det vere interessant for oss, seier han.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no