Store forseinkingar på Værnes
På Trondheim lufthamn Værnes er det no opp til ein time med forseinkingar på flyrutene. – Årsaka er snøbrøyting, at det er glatt for bagasjebilane og at flya må avisast før dei tek av igjen, seier vaktsjef SAS Groundhandling, Odd Ingstad til NRK.