Hopp til innhold

Storbritannia: – Krigen i Ukraina på veg inn i ein ny fase

Storbritannia sitt forsvarsdepartement seier at krigen i Ukraina er på veg over i ein ny fase.

Det ligg an til store kampar om kontrollen på sørlege delar av det krigsråka landet.

Britane melder om at russiske styrker og våpen blir frakta sørover frå Donbas-regionen aust i Ukraina.

Det er framleis uklart om russarane førebur seg på eit angrep, eller ynskjer å forsterke seg mot styrkane Ukraina har iverksett i regionane Kherson og Zaporizjzja.

Det ukrainske militæret fokuserer no på bruer og jernbanelinjer, for å forstyrre russiske forsyningslinjer, seier forsvarsdepartementet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no