Hopp til innhold

Storbritannia trur Russland vil styrka innsatsen sør i Ukraina

Den britiske forsvarsetterretninga trur Russland vil prioritera å setta inn fleire styrkar i sørlege Ukraina, skriv dei i sin siste etterretningsrapport.

Dei russisk-støttande styrkane til separatistrørsla Folkerepublikken i Donetsk har haldt fram angrepa nord for Donetsk, aust i Ukraina.

Det har vore spesielt tunge kampar rundt forstaden Pisky utanfor Donetsk, nære byen sin flyplassen. Etterretninga trur Russland vil prøva å sikra seg hovudvegen inn til Donetsk frå vest.

Russland hevda i går å ha tatt kontoll over Pisky. Det er ikkje bekrefta frå uavhengig hald.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no